Dersom de er usikre på om de har bra nok utval av kler til barnet, så spør oss!
Kler barn treng i barnehagen:
- Stillongs (helst longs og sokkar i stadenfor strømpebukse, det er det enklaste om dei vert våte på beina, og bruk gjerne tynn ull)
- Ull innerst er bra
- Ein god ullgenser og/ eller ein fleece-jakke/genser (til å ha under dresser/regnkler)
- Ein fleece- og/eller ullbukse (til å ha under dresser/regnkler)
- Hals eller skjerf (det blir fort kaldt i halsen)
- 2 par vottar og helst regnvottar i tillegg (Alle bør sitte godt og ikkje vere for tjukke og ikkje for tynne, barna må kunne bruke hendene).
- Ei god vinterlue og ei lettare til varmare dagar.
- Vasstette støvletter
- Tynn/litt vattert dress (bør være vassavstøytande/ikkje suge til seg for mykje vatn) Om dressen ikkje er for tjukk blir det betre reguleringsmuligheiter i forhold til temperatur: Ull/fleece tas på under, etter behov
- Regntøy – dette bør sjekkast for hull/manglande strikkar under hælen osv jamleg. Regntøyet bør være slitesterkt.
- Støvlar
- Ullsokkar (tjukk)
- Tynn jakke/anorakk, gjerne bevernylon e.l som ikkje trekkjer til seg fukt så fort.
- Minst eit heilt skift i korga (inne-kle frå innerst til ytterst)
- Ekstra truse, longs og sokkar i tillegg til dette.
Litt om ull:
Det er reine ullfibre saman med lufta i ullplagget som gjer mellom anna ull-undertøy følgjande fantastiske eigenskapar:
- Ull regulerer varmen slik at barnet alltid er passe varmt. Ull er varmt og godt om vinteren og har ein beskyttande effekt mot varme om sommaren.
- Ull transporterer fukt og held huda tørr og passe varm.
- Ull er flammehindrande og smelter heller ikkje ved høg varme.
Ullplagg med innside av bomull vil ikkje fungere på same måte då bomull ikkje har ulla sine fine eigenskapar, tvert imot vil huda fort bli kald ved sveitte/anna fukt. Det er derfor viktig med ull nærmast kroppen.
NB! Kle aldri barnet med unødvendig mykje kler. Det viktigaste er ull innerst mot huda og lette og ledige plagg ytterst som beskyttar mot vind og fukt.
HUSK Å MERKA KLER, då slepp me å bruke verdifull tid på unødig grubling (tid me ynskjer å bruke i lag med barna.) Namnelappar er supert, men du kjem longt med ein kulepenn og!
…..om du ønskjer merkelappar er dei å få kjøpt.
Trykk her og få bestilt merkelappar til kler, leiker og anna.