Sjukdom hos born

Barns sjukdom

   
Er barnet sjuk eller berre ikkje heilt frisk?
 
Om barnet ikkje er i form er det det beste å vere heime! Det er ikkje alltid like lett å vurdera frå morgonen av. Er du usikker så ring og diskuter med oss eller gje beskjed når du kjem med barnet om morgonen.
Nokre ting kan likevel vera verdt og merka seg:

- Barn bør være feberfri minst eit døgn etter sjukdom før dei kjem attende til barnehagen
- Barn som har kasta opp eller hatt diarè, bør ikkje komme i barnehagen før dei er heilt symptomfrie (obs smittefare), 48 timer etter dei er symptomfrie - rådfør deg med personalet/lege
- Om barnet har utslett som du trur kan vere smittsamt: Hald barnet heime! (Når det gjeld brannkoppar, vasskoppar o.l: Gje barnehagen beskjed- her er det eigne forholdsreglar å ta omsyn til)

- Dersom barn ikkje kan vera ute pga sjukdom kan det heller ikkje komma i barnehagen, då me ikkje har personalkapasitet til å vere inne med eitt barn.
- Alvorlege smittsame sjukdomar må personalet alltid få beskjed om. (Hjernehinnebetennelse, t.d) Likeeins om nokon har fått lus eller anna der vi må ta spesielle forholdsreglar.

Vi ringer om vi er usikre på barnets form når han/ho er i barnehagen. Saman finn vi då ut kva som skal gjerast.

Smittevern

Barnehage og smittevern